Som så mykje anna, blei Dyrøydagen utsett i vår. Søndag 6. september er det tid for årets Dyrøy-dag. Den arrangerast i samarbeid mellom Ålesund KFUK-KFUM og Spjelkavik kyrkjelyd.
Endeleg kan vi ønske velkommen til Dyrøy-dag. I år er det Spjelkavik sokn som har ansvaret for gudstenesta, og det er Anders Barstad og Arvid Havåg som skal vere prest og musikar.
Programmet for dagen er slik:
1200: Gudsteneste på marka, oppe ved husa.
Etterpå: Grilling (vi har grillar og kull, de tar med grillmat sjølve). Aktiviteter for store og små.
Transport: Frå kl.1000: Skyss med småbåtar frå naustet før Mørkeset. Parkering langs vegen og ved gård (følg skilting).
Vi anbefaler alle å ta med eigen redningsvest (merk med navn). Nokre vestar til utlån finnes også.
Pris: 100,‐ pr. person eller 300,‐ for familiar.
Vi tar hensyn til Corona; antibac, avstand m.m.
Verforbehold. Meldingene framover er usikre. Evt. avlysning kunngjøres på nettsida vår og facebook.
Dyrøya ligg i Ellingsøyfjorden, i Ålesund kommune. Den eigast (for det meste) av Ålesund KFUK-KFUM. I Spjelkavik sokn er det speidarane på Blindheim og i Spjelkavik som høyrer til der.