No er det enklare å gi til kyrkja


No er det enklare å gi til kyrkja


Vil du støtte arbeidet i Spjelkavik kyrkjelyd eller bidra til ei ny kyrkje på Hatlehol? No kan du opprette ein fast givaravtale på nett og sjølv velje kor mykje du vil gi kvar månad.

Med den nye givarløysinga Solidus opprettar du avtalen digitalt. Når AvtaleGiro er på plass, blir gåva trekt automatisk kvar månad. Faste gåver gir kyrkjelyden meir stabile inntekter og gjer det lettare å planlegge arbeidet framover.

Der behovet er størst

Vil du støtte arbeidet og fellesskapet i kyrkjelyden? Med ei gåve hit gir du soknerådet høve til å bruke pengane der behovet er størst.

Les meir og bli fast givar til kyrkjelyden

Ny kyrkje på Hatlehol

Vil du vere med på å gi forsamlinga på Hatlehol ein eigen heim? Ei gåve hit går til innsamlinga til den nye kyrkja. 

Les meir og bli fast givar til ny kyrkje på Hatlehol

På begge sidene finn du informasjon om korleis du opprettar ein avtale og korleis gåvene kan gi skattefrådrag.

Takk for at du er med og støttar kyrkja!

Tilbake