Døra – dikt om levd liv


Døra – dikt om levd liv


Velkommen til 12-treff i Spjelkavik kyrkje, onsdag 30. april 2025 kl.12.00. Andakt er ved Bjarte Hove. Det blir bevertning. Gjest er Jan Arnold Jacobsen Møster, som har gitt ut eiga diktsamling. Opplesing av dikt ved Odd Roe Skogen.  

Kom å høyr

Jan Arnold Jacobsen Møster (snart 92år) har gitt ut diktbok med 100 sjølvskrivne dikt. Fleire av dikta kan syngast og høver til fellessong. Organist Arvid Havåg har skrive ned tonar til melodiane og vil spele piano til. Odd Roe Skogen vil lese opp nokon av dikta.

Hjartenære rim 

Boka var klar før jul i 2024. Jan Møster var spent på om boka vart godt tatt imot. Det vart den! Barn og barnebarn er takknemlege og stolte: «Vi visste ikkje du var god!». No vil Møster presentere og starte sal av boka. Sonen Håkon Møster er kontaktperson.  

 

Hjarteleg velkommen!

Arrangør: seniorutvalet i Spjelkavik kyrkje

Tilbake