Vi har fått ny parkeringsløysing for besøkande til kyrkja. For at du skal kunne nytte gjesteparkeringa utan å få bot, må du frå måndag 28.april, registrere bilnummeret ditt inne i kyrkja når du kjem.
🅿 Slik fungerer det:
-
Når du besøker kyrkja, registrerer du sjølv bilnummeret ditt på ein besøkskiosk (ein iPad) som står inne i kyrkja. Parkeringstida ein får ved å registrere seg på ein av besøkskioskane inne i kyrkja er seks timar.
-
Kioskane er alltid klare til bruk – det er ingen pålogging eller skjermsparer, så det er berre å trykke seg inn og registrere.
-
Det er frivillig å oppgi telefonnummer. Dersom du vel å skrive det inn, og du har lasta ned appen FlexiPark, vil avtalen visast der.
📌 Viktig:
Du må hugse å registrere deg kvar gong du parkerer ved kyrkja i samband med eit besøk, gudsteneste, dåp, konfirmasjon, vigsel eller anna arrangement.
Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med kyrkjekontoret på tlf: 70 16 53 00. Vi hjelper deg gjerne!
Velkomen til Spjelkavik kyrkje!