Litografi og bok til sals – sikre deg eit unikt kunstminne frå Håkon Bleken


Litografi og bok til sals – sikre deg eit unikt kunstminne frå Håkon Bleken


Sikre deg eit unikt kunstminne frå Håkon Bleken! No kan du kjøpe boka om glasmaleria i Spjelkavik kyrkje og litografiet Bebudelsen i avgrensa opplag. 

Ein av Noregs mest markante biletkunstnarar, Håkon Bleken, gjekk bort 21.januar 2025, 96 år gammal. Han utsmykka fleire kyrkjer, men glasmaleria i Spjelkavik kyrkje står fram som hans største – og kanskje også viktigaste – kyrkjelege verk. Kunsthistorieprofessor Gunnar Danbolt har omtalt utsmykkinga som eit hovudverk innan norsk kyrkjekunst og «eit storverk i norsk utsmykking generelt».

I Spjelkavik kyrkje finn vi eitt av Håkon Blekens mest omfattande kunstverk: 96 glasmaleri som omsluttar kyrkjerommet i ein fargerik lyskrans. Gjennom desse bileta vert nokre av dei viktigaste bibelske forteljingane og hendingane formidla i ein kraftfull og ekspressiv stil, typisk for Bleken.

I 2014 tok Spjelkavik sokneråd, med støtte frå Stiftelsen Kjell Holm, initiativ til å dokumentere dette meisterverket i boka Håkon Bleken: Glasskunsten i Spjelkavik kirke, skrive av kunsthistorieprofessor Gunnar Danbolt. Boka gir eit unikt innblikk i prosessen frå dei første skissene til det ferdige verket og tek lesaren med på ei kunstnarisk vandring gjennom tematikken i alle dei 96 glasmaleria.

For dei som ønskjer eit konkret minne frå denne kunstskatten, er litografiet Bebudelsen tilgjengeleg i eit avgrensa opplag på 100 eksemplar. Prisen for eit litografi er kr 6.000, medan boka kostar kr 250 per stykk.

Mål på litografiet
Bredde: 58 Høyde: 38 cm.

Ta kontakt med dagleg leiar, Astrid Josefine Eide på e-post: astrid.josefine.eide@kyrkja.alesund.no for meir informasjon om kjøp av litografi og bok.

Tilbake