12 betongsøyler ber taket i kyrkjerommet i Spjelkavik kyrkje. Dei gjer byggverket sterkt.
Les Søndagsbrevet for 17.mai her.
17.mai – brev
av Aud Romslo Schistad, diakon.
12 betongsøyler ber taket i kyrkjerommet i Spjelkavik kyrkje. Dei gjer byggverket sterkt. Søylene er ikkje så vakre, men dei er viktige, og dei har ein bodskap der dei står. Dei ber.
Salmisten i GT har gitt oss teksten for 17. mai der det står: Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider bygningsmennene fåfengt, Salme 127,1. Vi forstår at salmisten snakkar i bilde. Han har erfaring med Gud, han har erfaring med Gud som den som ber og byggjer . I den erfaringa ligg frimotet. Vi finn ei trygg og frimodig tru i salmen. Salmisten seier noko om Gud som vår faste grunn, den vi kan ta vår tilflukt til. Salmen formidlar noko om tilveret sine søyler. Gud som skaparen , han som held alt oppe, med si makt og i sin nåde.
Gud signe vårt dyre fedreland
og lat det som hagen bløma.
Elias Blix har laga ei vakker bøn om at Gud må signe land og folk . Kan vi be ei viktigare bøn på 17.mai, og elles også? I siste verset brukar Blix salmisten sine ord frå salme 127.:
«Vil Gud ikkje vera bygningsmann,
me fåfengt på huset byggjer.
Vil Gud ikkje verja by og land,
kan vaktmenn oss ikkje tryggja.
Så vakta oss Gud så me fer bu
i heimen med fred og hyggja.»
Når vi feirer 17. mai kjenner vi på ei stor takksemd . Mange kan hente fram indre bilde frå feiring av dagen gjennom år. Frå vi heiser flagget tidleg om morgonen, høyrer dei første tonane frå korpsa, ser barn og vaksne i bunader eller anna finstas. Det er ein overflod av glede og liv og fellesskap.
Og då er det nært å gå til Edvard Hoem sin salme:
« No stig vår song, vår takk til Gud
for denne gode verd,
for havets salt, for regn og sol
og himlens stjernehær.
Vi takkar deg for storm og frost,
og snø som fell så stilt mot jord.
Vi takkar for den mørke natt,
og vårens tid, for alt som gror.» NoS,854
Vi takkar for det som gror. Alt som spirer og veks er så tydeleg i desse vårmånadane. Det vi har lengta mot og gledd oss til gjennom vinteren. Det vi kan takke for, men ikkje må ta som noko sjølvsagt.
Då pandemien kom , også i dei vekene, også no , i tider når vi er usikre og avventande, har vi mykje å takke for. Takke for styresmakter som har gjort og gjer det beste dei kan for land og folk. Vi har opplevd medkjensle frå kongeparet. Det er viktig for mange. Vaksne og ikkje minst borna har vore med på dugnaden vi snakkar om i desse tider. Vi kan takke for gode lærarar og andre som gjer at born gler seg til å kome tilbake til skulane. Nokre av oss har gamle som vi er trygge for, sjølv om vi ikkje kan besøkja dei. Og vi takkar menneske som ikkje vanlegvis får så mykje honnør for arbeidet sitt, og eit helsevesen som har arbeidd med eiga helse som innsats.
Så ser vi kor viktig det er med det større utsynet på 17.mai. Vi er menneske som har ansvar for kvarandre. Alle menneske har verdi. Det ligg eit Gudgitt ansvar og oppgåve i det. Vi snakkar ofte om lykke. Men kva er lykke? Kvar finn vi lykka? Lykka finn vi ofte når vi vender blikket bort frå ossjølv, mot andre. Andre treng oss, og vi får bety noko for andre. Det er ei gåve frå Gud det også.
Haldis Moren Vesaas seier det slik i diktet Tung tids tale, skrive under krigen:
Det heiter ikkje eg –no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje berre di.
Alt det som bror din kan ta imot av lykka di må du gj.
Alt du kan løfte av børa til bror din, må du ta på deg .
Det er mange omkring deg som frys,
Ver du eit bål, strål varme ifrå deg.
17.mai skal også minne oss om ansvaret ved å bu i eit land med mange rikdommar og ressursar. Vi kan sjå til område av verda der vi har brødre og søstre som treng at vi deler. Nokon kan vi invitere hit så dei får ein heim i vårt land. Og vi kan dele liv og tru.
Langbord, av Liv Nordhaug.
La oss bygge langbord
Samles der som søsken
Se hverandres nød.
Dele over grenser
Alle våre gaver-
Fellesskapets brød.
God og glad 17. mai !
Aud Romslo Schistad