Påmelding til gudstenester


Vi startar opp att med gudstenester. Det blir påmelding til gudstenestene (maks 50 deltakarar). Påmeldingsfristen er ein time før gudstenesta

Det er opna for arrangement med maksimalt 50 deltakarar (pluss medverkande) og vi startar opp med gudstenester på søndagane frå og med 17. mai. 

Som ansvarleg arrangør må vi ha oversikt over kven som er med på ei gudsteneste. Dette vil vi inntil vidare løyse ved å ha påmelding til kvar gudsteneste. Påmeldinga gjerast seinast ein time før gudstenesta.

Ved påmelding registrerast namn og telefonnummer til kvar deltakar. Opplysningane skal brukast til smittesporing dersom nokon blir sjuke. Opplysningane kan også bli brukt til å sjekke at dei frammøtte på gudstenestene er påmeldt. Opplysningane blir sletta seinast 10 dagar etter gudstenesta.

Påmeldingsskjemaet vil vise kor mange plassar det er ledig på kvar gudsteneste. Dersom ein gudsteneste ikkje visast i skjemaet så er den anten full eller ikkje opna for påmelding enno. Vi opnar for påmelding til søndagsgudstenestene 1,5 veke i forkant (onsdagar).

Ein må fylle ut skjemaet ein gong for kvar person for kvar gudsteneste ein vil melde seg på til. Påmeldingsskjemaet finn ein her: https://secure2.mylabora.com/P%C3%A5melding?oid=2123fcef-36bb-4458-9bee-1a487efa7871&fid=9b4b3892-9422-4444-b40e-1395bddc455b

Påmeldingsfrist er 1 time før gudstenesta. Seinare enn det må ein møte opp for å høre om det er plass.

Det er også mogleg å melde seg på ved å ringe servicekontoret på nummer 70 16 53 00. Dei vil då fylle ut skjemaet for deg med namn, telefonnummer og kva for gudsteneste du melder deg på.

 

Smittevernet ved gudstenester og kyrkjelege handlingar byggjer på fire hovudprinsipp:

  • Sjuke personar skal ikkje delta eller være til stede. Dersom du er i karantene eller har symptom på luftvegsinfeksjon så må du halde deg heime.
  • Gode rutinar for handhygiene og reinhald. Du finn handsprit ved inngangen, bruk den.
  • God avstand og minst mogleg kontakt mellom personar. Annakvar stolrad i kyrkja er avsperra. Ha minst 2 tomme stolar mellom deltakarar som ikkje bur saman. Ingen handhelsing/klemming.
  • Minst mulig felles bruk og berøring av inventar og utstyr. Vi tek ikkje i bruk salmebøker, men ferdigtrykte programark eller tekst på skjerm.

Tilbake