Første helga i oktober vert det fine konsertar med piano i sentrum
Torsdag 3. oktober kl 18:00
Brandt Fredriksen, piano og Samuel skrede, cello
Vi begynner med musikantar på aller øverste hylle. Og får mellom anna høre Beethoven Cellosonate i A dur og Piazzollas Grand Tango.
Fredag 4. oktober kl 19:00
Kåre Nymark, trompet og Tord Gustavsen, piano
Kåre er kjent frå mellom anna The Brazz Brothers og Ytre Suløen Jass-ensemble. I kvartetten Nymark Collective har han samarbeida med Tord Gustavsen. Og i kveld får vi oppleve dei som duo.
Laurdag 5. oktober kl 18:00
Oddgeir Nossen og elevar frå kulturskulen piano/orgel
Kantor i Spjelkavik Oddgeir har invitert elevar frå kulturskulen til denne konserten. Det er elevar både på orgel og piano.
Søndag 6. oktober kl 19:00
Norvald Dahl, piano
Søndag avsluttar vi med ei solokonsert med Norvald Dahl. Tor Hammerø beskriv plata hans «Flying High» slik:
«Dahl er i besittelse av en langt framskreden klangfølelse. Når han så får reisefølge av et piano som gir han alle de svara han er ute etter så blir «Flying High» en ekskursjon bestående av mye musikalsk lyrikk der inspirasjonskilder som Bill Evans, Keith Jarrett og Helge Lien skinner gjennom uten å bli dominerende. Improvisasjon og jazz er altoverskyggende i uttrykket, men både folkemusikk og klassisk musikk har åpenbart vært der også for Dahl….De ni låtene som varer i knappe 40 minutter er egna for ettertanke – musikk som skapt for tida vi lever i nå altså.»
Billettar i døra med VIPPS eller på Tikkio:
https://tikkio.com
Barn til og med vidaregåande skule gratis.
Vaksne på kulturskulekonserten kr 100,-
Vaksne på dei 3 andre kr 200,-
Inngang for ein vaksen på alle 4 konsertane kr 450,-
Plakat for utskrift:
https://spjelkavik.kyrkjelyd.no/Portals/2/Bilder/Kultur/Piano%20Plakat%20A4.pdf