Konfirmantpåmelding


Informasjon om registrering og innskriving til konfirmasjon 2024-2025.

Invitasjonsbrevet til konfirmantane 2024-2025 (2010-kullet) ble sendt ut 8. mai.
Det kan lastast ned her!

Det var informasjonsmøte for føresette om konfirmasjonstida mandag 27. mai kl. 20:00 i Spjelkavik kyrkje, og innskrivingsdagar 10.-11. juni.

Etter innskrivinga er det no venteliste på eit par av opplegga våre, men vi tar fortsatt imot påmeldingar på dette skjemaet:

https://spjelkavik.kyrkjelyd.no/Om-oss/P%C3%A5meldingar/Konfirmantskjema?oid=2123fcef-36bb-4458-9bee-1a487efa7871&fid=94d3e500-0384-4dd3-8aa1-a85666094981

Konfirmasjonstida i Spjelkavik følgjer skuleåret.
Vi har normalt innskriving før sommarferien og startar konfirmantopplegget i september.

DÅP OG KONFIRMASJON:
Ein må vere døypt for å bli konfirmert. For dei som ikkje er døypt arrangerer vi eit eige dåpskurs med sikte på dåp i løpet av året. Kurset blir nokre samtalar/samlingar i tillegg til dei andre konfirmantsamlingane.

ØKONOMI:
Prisen for dei ulike opplegga er satt så lav som mogleg, men kan likevel være ei utfordring for nokre familiar. Vi ønsker ikkje at økonomi skal være eit hinder for å vere konfirmant. Ta kontakt med spørsmål om tilpassa innbetaling eller fritak frå betaling.

KONTAKTPERSON:
Jon Ivar Tønnesen, kateket
Epost: jon.ivar.tonnesen@kyrkja.alesund.no
Telefon: 94 53 99 06

Tilbake