Konfirmantpåmelding


Informasjon om registrering og innskriving til konfirmasjon 2023-2024.

Invitasjonsbrevet til konfirmantane 2023-2024 (2009-kullet) ble sendt ut 1. juni.

Les informasjonsbrosjyra her!

Det blir informasjonsmøte for føresette om konfirmasjonstida mandag 12. juni kl. 20:00 i Spjelkavik kyrkje, registrering på nett til og med 18. juni og innskrivingsdagar 19.-20. juni. Påmeldingsskjemaet åpner etter informasjonsmøtet.

Påmeldingsskjemaet er opna for etterregistrering (vi har venteliste på fleire av konfirmantopplegga våre): https://spjelkavik.kyrkjelyd.no/Om-oss/P%C3%A5meldingar/Konfirmantskjema?oid=2123fcef-36bb-4458-9bee-1a487efa7871&fid=94d3e500-0384-4dd3-8aa1-a85666094981

Konfirmasjonstida i Spjelkavik følgjer skuleåret. Vi har normalt innskriving før sommarferien og startar konfirmantopplegget i september.

DÅP OG KONFIRMASJON:
Ein må vere døypt for å bli konfirmert. For dei som ikkje er døypt arrangerer vi eit eige dåpskurs med sikte på dåp i løpet av året. Kurset blir nokre samtalar/samlingar i tillegg til dei andre konfirmantsamlingane.

ØKONOMI:
Prisen for dei ulike opplegga er satt så lav som mogleg, men kan likevel være ei utfordring for nokre familiar. Vi ønsker ikkje at økonomi skal være eit hinder for å vere konfirmant. Ta kontakt med spørsmål om tilpassa innbetaling eller fritak frå betaling.

KONTAKTPERSON:
Jon Ivar Tønnesen, kateket
Epost: jon.ivar.tonnesen@kyrkja.alesund.no
Telefon: 94 53 99 06

 

Tilbake