Stille dag med Geir Gundersen


Laurdag 4. februar kl. 9.30 – 16.00 i Spjelkavik kyrkje.

Temaet for dagen er: «Deg vere ære for - kjærleiken som er sterkare enn døden».

Dette er 5. året Geir Gundersen held Stille dag i Spjelkavik kyrkje. Han er teolog og held til dagleg til i Oslo. Han vil innleie til meditasjon over ord frå nattverdsliturgien: Deg vere ære for kjærleiken som er sterkare enn døden.

Det blir undervisning om stillheit og bøn. Vi snakkar ikkje saman, men legg til rette for bibelmeditasjon i kyrkja. Der er det mogleg å finne sin stad, om det er i kyrkjerommet, i ein god stol i salongen eller på ein vandretur rundt kyrkja. Denne dagen er for den enkelte og Gud. Stillheita blir oppheva mot slutten av dagen, og det blir igjen samtale rundt matbord og fellessong under ettermiddagbøn. 

Pris for dagen på kr 350,- inkluderer undervisning, varm lunsj, kaffi/te, kake og frukt.

Påmelding  innan onsdag 1. februar til servicekontoret på e-post: postmottak@kyrkja.alesund.no, telefon 70165300 eller til diakonen: 413 64 814

 

Hjarteleg velkommen!

Arr: diakoniutvalet i Spjelkavik kyrkje

Tilbake