Dåpssamling


Når ein melder barnet til dåp blir ein også kalla inn til ei dåpssamling.

Vi har dåpssamling omlag annakvar tysdag kl. 15.00-16.00. Servicekontoret avtalar ein passande dato i forkant av dåpsdagen med foreldra. Fadrar er også velkomne, dersom dei har anledning til å møte.

På dåpssamlinga informerer vi om innhaldet i dåpen og om kyrkjelyden sitt trusopplæringsarbeid. Vi sjekker registrerte opplysningar om dåpsbarnet, gir nokre praktiske råd om dåpsdagen og har ei kort avslutning med bøn og lystenning for kvart av borna.

 

Dersom nokon av spesielle årsakar ønskjer ein individuell samtale med ein prest så kan det også avtalast.

Tilbake