Gudstenester i sommar


Velkomen til gudsteneste, kvar søndag til og med 15. august.

Vi er på trinn 3 i den nasjonale gjenåpninga og det er ikkje lenger krav om faste, tilviste plassar, men framleis krav om 1 meter avstand (=to tomme stoler) mellom kvar husstand.

Vi har då ein kapasitet på omlag 170 personar.

I sommar har vi ikkje påmelding til gudstenestene, kun registrering i døra. Vi må ha namn og telefonnummer til ein kontaktperson per husstand. Ta gjerne med dette på ein lapp så blir ikkje køa så lang for å skrive seg på lista i døra.

21., 22., 28. og 29. august er det konfirmasjonsgudstenester med kun inviterte gjester.

Det er planlagt semesterstart-gudsteneste 5. september.

Tilbake