Spjelkavik kyrkje er ei populær kyrkje med eit høgt tal seremoniar og arrangement.
Den store befolkningsauka i indre Ålesund gjer at Spjelkavik kyrkjelyd med om lag 17.500 medlemer er den største kyrkjelyden i heile landet. Spjelkavik vart skilt ut som eige prestegjeld i 1977, og i 1987 stod den nye kyrkja ferdig på Moa. Arkitekt er Alf Apalseth.
Kyrkja er bygd i betong forblenda med raudbrun teglstein. Innvendig er det teglstein, betong og lyst treverk. Kyrkja har omlag 600 sitjeplassar. Kyrkjetårnet i betong er frittståande. Marcussen & Søn i Danmark leverte i 1992 orgelet som har 26 stemmer.
Over alteret svever «det nye Jerusalem» i form av ein bronseskulptur laga av kunstnaren Tore Bjørn Skjølsvik. Han har også laga eit par andre bronseskulpturar som står ved alterringen. Kyrkjelyden har sidan samla inn engar for å få på plass glasmåleri i vindauga øvst på kyrkjeveggane. Dei har blitt montert etter kvart – og i 2007 var alle glasmåleria på plass. Dette kunstverket er utført av Håkon Bleken.