Kyrkje på Hatlehol


Støtt ei ny kyrkje på Hatlehol

Vi ønskjer å skape ei kyrkje på Hatlehol som gir rom for tru, fellesskap og aktivitetar for menneske i alle aldrar. Ein stad å høyre til, møtast og dele både kvardag og høgtid.

Med ei gåve er du med på å leggje grunnlaget for den framtidige kyrkja. Pengane som blir samla inn, går til bygging, etablering og innreiing av den nye kyrkja på Hatlehol. Vi nyttar Solidus, Den norske kyrkja si digitale løysing for givarteneste. Via lenka nedanfor kan du registrere deg og opprette ein fast givaravtale. Med AvtaleGiro blir gåva trekt automatisk frå kontoen din, slik at du slepp å hugse kvar innbetaling

Opprett ein fast givaravtale til ny kyrkje på Hatlehol her

Enkelt å gi – enkelt å få skattefrådrag

Gåver kan gi rett til skattefrådrag etter gjeldande reglar. Gir du til saman minst 500 kroner i løpet av året og gåvene blir rapporterte til Skatteetaten, kjem frådraget ferdig utfylt i skattemeldinga. Registrer fødselsnummeret ditt i givarskjemaet dersom du ønskjer skattefrådrag. Solidus legg til rette for registrering og innrapportering av gåvene.

Spørsmål eller endringar?

Ønskjer du å endre beløpet, avslutte givaravtalen eller få hjelp til registreringa? Ta kontakt med dagleg leiar på e-post spjelkavik@kyrkja.alesund.no eller 70 16 53 00, så hjelper vi deg.

Takk for at du er med på å gi kyrkja og fellesskapet på Hatlehol ein heim!