Faste – ei tid for å gi andre rom


Ein tekstrefleksjon av Preses Olav Fykse Tveit

Faste er ei tid i året for å begrense seg. Men kvifor skal vi det? Og i desse dagar med pandemi og restriksjonar, er det ikkje nok begrensningar på livet vårt som det er?

Eg hadde i min forrige jobb mange kollegaer frå heile verda som «observerte» fastetid på ulike vis etter dei tradisjonar dei hadde. Det påverka litt våre møter og vårt sosiale liv, og definitivt kva det var meining i å servere eller foreslå av aktivitetar i fastetidene (nokre av dei hadde fleire gjennom året). Stundom tenkte eg at den sunne grønsak-menyen dei hadde i fastetida, kunne eg godt tenkt meg sjølv, og tenkte at ikkje all faste er så slitsamt. Men eg fekk meir respekt for dei som fasta enn eg hadde hatt før. Eg vart merksam på korleis faste var ei tid til å markere at dei tok ansvar for eit uttrykk for tru og liv saman. Andre fasta meir for dei sto for noko dei ville markere for seg sjølv at dei var forplikta på, og dermed vart det ei markering overfor andre i noko dei sto for: fred og rettferd.

Ein ortodoks kyrkjeleiar sa at faste er ei tid for askese. Det høyrest ikkje mindre skremande ut. Men han presiserte: Det er for å gi avkall på noko, men ikkje for å plage seg sjølv. Det er for å gi rom for andre og for noko meir enn det eg er opptatt av og det som fyller tankane til vanleg. Det er noko meir enn å skape tomrom som er meininga med faste. Det er tid for å gje noko anna meir plass. Difor er det også ei tid til å gi andre meir rom i våre liv. Heilt konkret peikte den ortodokse leiaren på at faste er ein måte å begrense seg i forhold til skaparverkets ressursar, å ikkje ta meir enn ein treng, og å gjere det for at det skal vere plass for andre og deira behov.

Uansett korleis, kor mykje eller kor lenge ein markerer faste, er det ei tid der vi kan finne meir rom for dei andre og kva dei treng av det eg har. Av materielle verdiar, pengar, ressursar, omsorg, tid og kjærleik. Det kan handle om ei tid for å fokusere på det som verkeleg betyr noko i det og vere menneske: At eg er her for dei andre si skuld.  

Difor er det også djupt meiningsfullt å bidra til Kirkens Nødhjelps fasteaksjon. Det gjev meining for dei vi kan støtte, men også for oss sjølve.

Difor er faste ei tid for håp. Forandring er mogeleg. Forandring til det betre. For andre. Og kanskje difor også for deg og meg.

Om du gir av ditt eget til den sultne
og selv metter den som lider nød,
da skal ditt lys gå opp i mørket,
din natt skal bli som høylys dag
.
   (Jesaja kap.58, vers 10)

Tilbake